På denne sida kan du som politikar og veljar i Førde legge ut innlegg, saker og bilete, og registrere politiske arrangement som skal skje. Du kan også kommentere og debattere det andre har lagt ut. Sida er oppretta av firda.no og Firda for å dekkje det brukarskapte innhaldet frå valkampen, og det som vert lagt ut her kan bli brukt i Firda og på firda.no. Dei som ønskjer innlegg frå valkampen i Førde på trykk i papiravisa, må publisere innlegga sine her.

Bystyregruppa til Førde SV

Det nye bystyregruppa etter kommunestyrevalet vert samansett slik:

1. Norvall Nøringset.

Valdag den 12. september - ikkje la valurna stå tom!

12. september er valdagen for kommunestyra og fylkesting.

No skal vi stå saman og bevise at demokratiet lever. Hugs det er folket som har det endelege ordet og ikkje minst makta. Kven er folket! Du og meg.

Røyst SV!

Førde treng tydlege røyster som sett barn og unge først. SV vil halde fram med å kjempe for rettferd, miljø, solidaritet og seier tydeleg nei til privatisering av offentleg velferd.
Førde SV stiller med Norvall Nøringset som ordførarkandidat. Godt val!

Stem på Førde Høgre, godt val!

Førde Høgre har som mål at Førde skal vere ein attraktiv plass å bu og arbeide, med gode kommunale tenester, trygge lokalsamfunn og dei beste oppvekstvilkåra for barn og unge. Samtidig skal Førde vere den leiande plassen i fylket når det gjeld vekst og utvikling.

For å lykkast i dette, og har vi mellom anna hatt fokus på desse sakene i valkampen:

Førde AP sitt program møter folk!

Eg har delteke på Førde AP sine alle, og i dag, siste stand på Førde Torg. Alle har vore ei oppløfting! Det er så kjekt å møte folk, og diskutere vanlege problem som rører oss alle. Førde AP har eit program som møter folk!

Gro Indrebø

Heikki Holmås på rundfart i Sunnfjord

Som eit ledd i SV sin nasjonale Valgthriller-kampanje, der toppane i partiet reiser rundt i heile Noreg, kom leiar av kommunalkomiteen på Stortinget, Heikki Holmås (SV) på torsdag til Sunnfjord.

Holmås var saman med lokale SV-medlemmer rundt og besøkte personar og organisasjonar som dei lokale SV-laga tykkjer gjer ein framifrå innsats for lokalsamfunnet. Turen begynte i Florø med eit besøk til Florø barneskule, som tross trange kår, greier å drive ein skule og SFO med høg trivsel og gode resultat. Etter møte med leiinga ved skulen og SFO, fekk Holmås ei omvisning på to basar ved SFO, snakka med born og tilsette, og delte ut solsikker til dei tilsette der.

Kva parti skal eg stemme på ?

Så er den korte valgkampen snart over, og velgerane skal bestemme seg for kva parti dei skal stemme på. Nokre stemmer som dei alltid har gjort, men andre er på gli mot andre parti.

I eit lokalvalg er det viktig å stemme på saker og personar, men der er ein ting som faktisk er vel så viktig. Kva Ideologi ligg bak det partiet eg stemmer på? Dei Raudgrøne har desse åra i regjering jobba på høgspreng for å ta vekk den grunnen som vårt gode land er bygt på. Det er bygt på den kristne grunn med dei 10 bud som rettesnor. No gjeld det å fjerne alt som heiter kristendom i barnehagar, skular, og i det offentlege rom. Då vil ein dermed unngå å lære ungane våre bud som “Du skal ikkje drepe”, “Du skal ikkje stele”, Du skal ikkje lyge". Kva samfunn får ein då?

Den kulturelle spaserstokken

Gjennom Den kulturelle spaserstokken skal eldre få et kulturtilbud som holder høy, profesjonell kulturfaglig kvalitet. Gjennom økt samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren skal det legges til rette for og utvikles gode kunst- og kulturprosjekter innenfor et mangfold av sjangre og uttrykk.

Førde kommune har søkt om sentrale midler til dekning av prosjekt med helhetlig tenkning rundt helse hos eldre, med fokus på sammenhengen mellom kulturelt engasjement og helsetilstand. Målet med satsingen er blant annet at alle eldre i Førde skal få tilbud om deltakelse i ulike kulturelle tilbud. Førde kommune har til prosjektet søkt om 150 000 kroner.

Folk sine behov må styre politikken

Programmet til Førde Arbeidarparti er tufta på mange Førdefolk sine innspel. Gjennom året har vi invitert til politisk kafé i Førdehuset og teke opp mange sentrale problemstillingar. Vi har invitert til breie samråd om helse, skule, næring, bustad og kultur. Gjennom dette har vi engasjert folk i Førde politisk og hatt som målsetjing å vere lyttande til enkeltpersonar, grupper, lag og organisasjonar.

Les meir

Vårt Førde – ditt valg

Det går mot slutten av valgkampen for denne gang. En valgkamp som har vært kort, forsiktig og lavmelt. I Førde Arbeiderparti begynte vi seint av årsaker dere kjenner til. Samtidig er det på sin plass å si at mandag 12. september er en av de viktigste dagene i manns minne. Da skal vi – alle sammen, uavhengig av politisk ståsted – bekrefte det folkestyret og den ytringsfrihet vi kjenner så godt og kanskje ikke lenger tar helt for gitt.

Rosen har vært et mektig symbol i sommer. Rosen ble symbolet på kampen mot terror og for menneskeverdet. De siste ukene har vi i Førde Arbeiderparti delt ut mange roser. Dere har kanskje møtt oss i sentrum eller fått besøk på døren? Den rosen vi har delt ut har i alle år vært det fremste symbolet for arbeiderbevegelsen og Arbeiderpartiet. Om du har fått en rose av oss skal den symbolisere den politikk og de verdiene vi har hatt med oss til alle tider: Frihet, likhet og solidaritet.

Politikarar som høyrer og handlar!

*Når sist kunne du sei at du kjende til ein politikar i Førde som viste handlekraft og samstundes høyrde på folk sine meiningar? I kva grad har Førde si befolkning godt av vedtak som går imot deira eiga stemme? Skal ein akseptere at avstanden mellom den politiske benken og befolkning i Førde er så stor som den er (jfr. Vedtak om Rådhus og bomring)?

Førde Arbeidarparti og val 2011

_*Kjære veljar!

Førde - ein inkluderande kommune

SV ynskjer at Førde skal vere ein inkluderande kommune det er godt for alle å bu i, der folk kan trivast, bu og arbeide. Dei som bur i grendene rundt Førde sentrum skal føle seg trygge på at dei får gode velferdstilbod som skule, barnehage, SFO og kulturtilbod der dei bur.

Vi vil at Førde kommune skal gje hjelp og rettleiing til næringsskaping og oppfølging av gode og kreative idear; t.d gjennom næringsfond. Kommunen skal spele ei aktiv rolle i å få på plass nye arbeidsplassar.

Stem Førde FrP

På mandag er det valg dag,da er det innbyggerene i førde som avgjer om det blir nytt Rådhus i Førde, om eigedomsskatten skal høgast,om det blir bompeng ring runt Førde,om det blir parkerings avgift. Nå har innbyggerene sjangsen til å sei fra til politikerene at vi ikkje vil ha meir avgifter i Førde no.Førde FrP vil vere innbyggerenes talerør inn i bystyre, Førde Kommune må sette tæring til næring,forsetter dette investeings løpet til dei andre politikerene er det ikke lenge før vi er inne på robek lista, Så bruk stemmeretten 12 september, Stem Førde FrP, Godt valg

Sats på tre i byen - saman for eit grønare Førde

SV vil arbeide for at sentrum vert ein triveleg stad også for gåande og syklande og gate med plass for tre. Ein skal etablere fleire møteplassar og parkområde.

Vi vil at Førde kommune skal, gjennom ei god og positiv byutvikling, arbeide for ei styrking av Sentrum Sør, og ta vare på historia, kulturminna og dei gode miljø vi har i kommunen, t.d; Sjøhola, Hagebyen, Gamlebanken, elvane og dei gamle trea som er att.

Arbeidarpartiet vil næringsutvikling

Når Førde Arbeidarparti i sitt kommuneprogram er så tydelege på at det må etablerast eit kommunalt næringsapparat, så er det all grunn til å ta det på alvor. Frå det regionale næringsapparatet, SNU, har det vore dørgande stille. Nedlegging er teikna på det som skjer i kommunen no, meir enn etablering.

Nyheita om at reiselivssjefen er blitt eventsjef tyder på at Reisemål Sunnfjord må vere lagt ned. For ikkje lenge sidan tapte Førde 40 kompetansearbeidsplassar utan noko form for innblanding, Tollpost ønskjer etablere seg på Skei, Førde Motorsport trugar med å flytte frå kommunen.

Viktige saker for Førde Høgre.

Førde Høgre har i valkampen peika på at dei fleste ting har gått på skinner i Førde i mange år, og at vi har hatt eit fantastisk utvikling i byen vår.

Det er framleis slik at mange pilar peikar i riktig retning, og vi har dei største føresetnadane i fylket for å lykkast. Samtidig er det slik at vi har nokre store utfordringar i Førde, og vi har her mellom anna peika på forhold knyt til folketilvekst og varehandelen.

Røyst Sunnfjord inn på tinget!

Norvall Nøringset frå Førde stiller som Sogn og Fjordane SV sin toppkandidat. Han har gjennom fleire år vore SV sin representant på fylkestinget, har hatt mange politiske verv og opparbeidd seg solide kunnskapar på mange saksområde, og han kjenner fylket vårt svært godt. Det er få politikarar i fylket vårt som kan skilte med så mykje kunnskap og innsikt som han, og han er difor ein dyktig talsperson. Nøringset stiller sterkt som ein god toppkandidat for Sunnfjord-regionen og for fylket vårt.

Andrekandidaten er Hilde Kvamsås Aa som kjem frå Eikefjord i Flora kommune, og som også har brei politisk erfaring frå fylkestinget. SV stiller soleis med to dyktige og solide kandidatar frå Sunnfjord på topp det gjev styrke, i tillegg stiller SV med ei god liste over kandidatar frå heile fylket vårt og representasjon spelar ei viktig rolle i høve til å påverke korleis politikken vert ført. Der kan SV gjere ein skildnad.

Forgubbinga av Førdepolitikken

Vi har kunne lese den siste tida at partia i Førde er forferdeleg dårlege på å nominere ungdomskandidatar til valet på måndag. Dette stemmer diverre; av ein årsak. Unge er ikkje i tilstrekkeleg grad aktive i politiske parti, det kan sjå ut som at Førdepolitikken forgubbast, snittalderen i listene kryp sakte men sikkert over 50, og kva gjer vi med det?

Om det er noko vi har lært denne sommaren, så er det at politisk engasjement kan ta mange former. Edmund Burke, ein politisk teoretikar, sa på 1700-talet at “Alt som trengst for at vondskapen skal lukkast, er at gode menneskje gjer ingenting”. Dette sitatet har gjort seg altfor tydeleg etter 22. juli, og minner oss om at uansett meiningar, så har vi dei, og i eit demokrati må vi kjempe for dei utan å ty til vald.

Kven skal tale Førde si sak i det nye fylkestinget?

Ved gjennomgang av vallistene til fylkestinget kjem det tydeleg fram at det er få Førdenamn på sikre plassar. I dei store partia er Jorunn Eide Kirketeig den av Førde sine kandidatar som er sikrast med sin 6. plass på Arbeidarpartiet si liste. Elles er Nils Gjerland (SP) på 7. og Bjørn Nordberg (Høgre) på 9.

Rett nok har SV Norvall Nøringset som sin fylkesordførarkandidat. SV sine valmålingar så langt tyder ikkje på at den nye fylkesordføraren kjem frå Førde.

Helse og omsorg for eldre

Eldre i Norge skal ha en trygg, aktiv og verdig alderdom. Vi har kommet langt med å gi både mer tilbud og bedre tilbud til våre eldre, men vi kan og må bli bedre.

De aller fleste eldre er friske og aktive. Eldre er en ressurs og vi må tilrettelegge for deres samfunnsdeltakelse. Førde Arbeiderparti er opptatt av å legge grunnlaget for en alderdom preget av glede og aktivitet. Men mange trenger hjelp. De som har behov for støtte og hjelp, skal få det. Derfor har Arbeiderpartiet sin målsetning om full sykehjemsdekning.

Kven har best skulepolitikk?

Sjølv om det er ein del ting alle partia kan være einige om, er det viktig å synleggjere at dei to store skulepartia står for svært ulike verdiar i skulepolitikken.

Medan SV vil satse på fellesskulen, vil Høgre gå i retning i å skape eliteskular. Meda SV vil avgrense privatskulane og satse på den offentlige fellesskulen, vil Høgre opne for fleire privatskular i Noreg.

"Førde Litteraturhus"

Førde Arbeidarparti støttar arbeidet med å organisere eit “litteraturhus” i Førdehuset. Når no ei gruppe med leiarane for Førde bibliotek og fylkesbiblioteket i spissen går vidare i samtalen om innhaldet og forma, ønskjer Arbeidarpartiet å samarbeide. Vi er einige i at det må formast med biblioteket i sentrum og plasserast i Førdehuset. Vi tenkjer og at mange organisasjonar og institusjonar bør bli med i eit samarbeid kring dette litteraturhuset. Mange av dei arrangementa og tiltaka som biblioteket har drive med og driv med, er slike som vi finn i ulike litteraturhus rundt om. Men organisasjonar og andre kan vere med å skape fleire debattar, foredrag, verkstader skriveplassar osv., med eigne “varemerke”, saman med eller ved hjelp av biblioteket under vignetten “Førde litteraturhus”.
Vi meiner at den kulturelle aktiviteten i Førde er stor og variert, men kan styrkast ,og at ideen med å skape eit “litteraturhus” med biblioteket i Førde sentralt er god for Førde og for Sogn og Fjordane.

TILBAKE TIL HOVUDSIDA:

Val 2011 Førde

Følges av 60 medlemmer.

Val 2011 Førde er Firda og firda.no sin inngangsportal til det brukarskapte innhaldet for kommunevalet i Førde. For å bidra må du bli medlem av sona. Alt innhald frå denne sona kan bli nytta av Firda og firda.no. Mer om sonen

Origo Val 2011 Førde er en sone på Origo. Les mer
Meiningsmåling

Kva parti ville du stemt
viss det var val i dag?

Annonse